Om Norsk Skottbenk Union

Norsk Skottbenk Union er ei eksklusiv foreining for eigarar av skottbenkar som dei sjølv har laga. Vi starta opp i 2010 i etterkant av eit eige kurs i snikring av skottbenk under Handverksdagane på Røros. Vi har som mål å stimulere til auka bruk av skottbenk og tilhøyrande verktøy og spreie kunnskapen om dette. Vi har vårt utspring i Noreg og har også størstedelen av medlemmane her. Vi har gode støttespelarar i Sverige som også har tilsvarande arbeidsbenkar som skottbenken, her kallast dei «fogbock» eller liknande. I Danmark kjenner vi tilsvarande til ordet «fugbænk» som er det same som skottbenk. Det har også dukka opp ein skottbenk i Amana i Iowa i USA.

Skottbenk frå garden Kverndal i Målselv Kommune. Benken har tidlegare truleg hatt stramming med skruvar men er no tilpassa bruk med kilestramming. Foto: Siv Holmin
Skottbenk frå garden Kverndal i Målselv Kommune. Benken har tidlegare truleg hatt stramming med skruvar men er no tilpassa bruk med kilestramming. Foto: Siv Holmin

Ein skottbenk er ein arbeidsbenk som brukast når ein med handhøvel skal rette kantar på bord, gjerne til pløgde golvbord. Benken har som regel to lange bord som er montert på to føter på ein slik måte at ein kan spenne fast borda som skal høvlast mellom dei to lange borda. Dei to langborda har ein heilt rett og plan overkant som nyttast som anlegg for djubdestopp for meiane på skottoksen eller ploghøvlane.

Roald Renmælmo høvlar fjør med ploghøvelen. På kvar side har plogen ein meie som gjer at høvestålet ikkje får ta meir når det når ned på overkant av langborda.
Roald Renmælmo høvlar fjør med ploghøvelen. På kvar side har plogen ein meie som gjer at høvestålet ikkje får ta meir når det når ned på overkant av langborda. Skottbenken er ein noko nedkorta kopi av skottbenken frå Kverndal i Målselv. Foto: Roald Renmælmo

Norsk Skottbenk Union er ei samanslutning av handverkarar med interesse for historisk snikkarhandverk. Mange av oss arbeider med restaurering av gamle trehus og prøvar å arbeide med tradisjonelle verktøy og arbeidsmåtar. Det kan vere sparsamt med kunnskap eller faglitteratur å støtte seg på i ein del av dette arbeidet. Vi kan støtte oss på spor som vi finn i det aktuelle huset, vi kan finne verktøy lokalt som vi kan knyte til desse spora og vi kan kanskje også finne nokon som har kunnskap som er nyttig?

Kjeldene vi har å støtte oss på, er for det meste «tause» (verktøyspor og gamalt verktøy) og «snakkar» berre til oss gjennom våre eigne erfaringar. Ved å arbeide med tradisjonelle verktøy og arbeidsmåtar så byggjer vi opp meir erfaring som gjer at vi kan forstå desse «tause» kjeldene på nye måtar. Ved å dele våre erfaringar på denne bloggen kan vi prøve å skape ein kollektiv erfaringsbank som vi kan ha gjensidig nytte av. Vi kan også aktualisere skottbenkar og verktøy i samlingane til musea på ein ny måte ved å setje desse inn i ein kontekst som er forståeleg for folk.

Norsk Skottbenk Union er avhengig av at også du vil bidra i vårt fagmiljø slik at vi kan spreie kunnskapen om skottbenken. Det er mange skottbenkar som ventar på å bli oppdaga rundt om i verden. Det kan  vere vanskeleg å oppdage skottbenkar mellom mykje anna «skrot» i dei bygningane dei ofte er sett bort i. Skottenkane har sjeldan vore brukt dei siste 60-70 år og då har ikkje dei yngre generasjonane kjennskap til kva dei tilsynelatande merkelege greiene er for noko.

Slik er det vanleg å finne skottbenkar. Dette frå eit museum som har registrert og tatt vare på skottbenken. Skottbenkane tar veldig stor plass så det høyrer til unntaka at dei er plassert slik at dei kan fotograferast på ein enkel måte. Foto: Roald Renmælmo
Slik er det vanleg å finne skottbenkar. Dette frå eit museum som har registrert og tatt vare på skottbenken. Skottbenkane tar veldig stor plass så det høyrer til unntaka at dei er plassert slik at dei kan fotograferast på ein enkel måte. Foto: Roald Renmælmo

Det er viktig at dei som kjenner til gamle skottbenkar eller kjem over slike tar seg tid til å gjere ei enkel oppmåling og tar nokre bilete som kan delast med oss her på bloggen. Det held lenge med lengdemål og dimensjon på langbord, høgdemål og foto som viser korleis foten er laga og fungerer. Sjølvsagt er det enda betre med ei skikkelig oppmåling som ender opp i ei teikning i målestokk eller ei målsett skisse.

Korleis bli medlem i Norsk Skottbenk Union?

Vi ynskjer gjerne å bli fleire aktive medlemmar som kan vere med på å spreie den glade bodskapen i inn og utland. Vi er opptekne av at dei som er medlemmar skal ha eit minimum av kompetanse i den praktiske bruken av skottbenken og verktøyet som høyrer med. Opptakskrava er at ein må ha laga seg sin eige skottbenk og vise at den fungerer i bruk. Dette skal visast på denne bloggen med bilete av den ferdige skottbenken. Desse bloggpostane er tagga med «Opptak i Norsk Skottbenk Union». På denne måten kan vi også få oversikt over alle aktive skottbenkbrukarar rundt om i landet.

Vi har også fått utvikla eit eige arbeidsforkle med logoen til Norsk Skottbenk Union. Dette forkleet blir produsert av Jason Thigpen i Texas Heritage Woodworks i USA. Vi stiller krav om at ein som medlem også må ha laga sin eige okshøvel og skottokse for å få rett til å bruke det offisielle forkleet. Det er også utvikla eit eige forkle i mørk grå farge for dei som også har smidd ståla til høvlane dei har laga. I filmsnutten under kan du sjå standard arbeidsforkle til Norsk Skottbenk Union.

Ta kontakt om du ynskjer å bli medlem. Dette kan du gjere gjennom å legge inn informasjon på «Tips oss om Skottbenk«. Send inn bilete av skottbenken og høvlane du har laga slik at vi kan legge det ut på bloggen slik skikken er.

Kven som helst kan kommentere på bloggen. Om du vil poste på bloggen må du gjennom ein registreringsprosess. Det første som må gjerast er at du blir invitert til å bli bidragsyter på bloggen. Det kan du be om ved å fylle ut skjema på «Tips oss om Skottbenk». Du kan be om å få tilgang til å poste sjølv på bloggen. Du får då ein e-post frå WordPress der du blir beden om å lage ein wordpresskonto (trinn 1). Når du har kontoen aktivert (gjennom e-post godkjenning) kan du trykke på «Accept invitation» knappen i meldinga. Da er du registrert som bidragsytar og kan skrive postar. Dei første postane du skriv må godkjennast av administrator før dei kjem ut på nett.

8 tankar på “Om Norsk Skottbenk Union”

    1. Takk for kommentaren Gunnar!
      Eg kjenner den norske terminologien og har berre litt spreidd kunnskap om korleis det er på svensk og dansk. På dansk kan eg stø meg på Børge Askholm som har samla ord om arbeidsbenkar i den flotte ordboka si. http://www.baskholm.dk/haandbog/haandbog.html
      Der finnast orda -pløjebænk og -fugbænk som dekker det som vi kallar skottbenk i Noreg. I Sverige kjenner eg til Bong som skriv om ein «mekanisk fogbock». (J. M. Bong, «Byggnadssnickaren på landet», 1906)

      I Noreg er namnet skottbenk det mest vanlege både i ulike dialektar og i litteraturen. (Visted og Stigum, «Vår gamle bondekultur», 1951) Første delen av ordet pekar mot verbet, å skyte, som er det ein gjer når ein brukar skottbenken. Å skyte vil seie å rette ein kant, ein skyt sagtennene med fila for å få dei like lange, ein skyt fiskegarnet eller ein skyt bordet som ein vil ha rett. Skrivemåten kan variere og formene -skotbenk og -skåtbenk er også kjent.

      I Noreg finnast også namnet ploggang som kan vere ei tilsvarande innretning? Det namnet er også brukt om ploghøvlar. Norsk Folkemuseum har nokre slike høvlar som har namnet ploggang knytt til seg. Det kan kanskje skuldast at den som har skrive registreringsskjema har misforstått ei forklaring frå gjevaren? (http://www.primusweb.no/things/hvel/NF/NF.1918-0677?query=ploggang&js=1&search_context=1&count=3&pos=2) Det kan vere at ploggang er brukt om alt verktøy og utstyr som brukast til å pløye bord? Dette er også tatt opp i ein av postane på bloggen: https://skottbenk.wordpress.com/2013/12/13/meir-skottbenk-pa-hadeland/

      Også ordet pløybenk er kjent i Noreg. (Håvard Skirbekk, Glomdalsmuseet, spørjeliste om snikkarhandverket, Norsk folkeminnesamling, 193..?)

      Alle desse namna beskriv ein benk som ein nyttar hovudsakleg for å rette/pløye kantane på borda som skal høvlast. Det er dei to langborda (det kan finnast benkar med berre eitt langbord?) med rette overkantar som er spesifikke for skottbenken. Når ein så brukar ein høvel med meier som går nedpå langborda så har du det som er typisk for skottbenken. Høvelbenken kan variere meir i utsjånad og verkemåte men har i alle fall ei plan og rett benkeplate som emnet skal ligge oppå.

      Likar

  1. Hva om de som tilfeldigvis eier en skottbenk kan få være assosiert medlem? Hadde vært fint med en viss tilknytning til eiere, og de kan kanskje øke bevisstheten på skottbenken sin?

    Likar

    1. Det bør ikkje vere noko problem. Bloggen er tilgjengeleg for alle som har tilgang på internett så du må gjerne spreie informasjon om den og kva vi arbeider med. Skottbenkeigarar bør melde seg på for å følje bloggen og få oppdateringar av det som skjer. Eg lurer på om vi kan presentere eigarane av skottbenkane i samband med at vi postar om gamle skottbenkar? Berre dei som ynskjer dette sjølvsagt. Det kan jo føre til at dei får problem med alle skottbenkturistane som kjem frå heile verda for å sjå på originalane?

      Likar

  2. Hei. Fant en skottbenk på låven nå i vinter. Visste ikke hva det var, undersøkte blant de eldre i bygda. Ingen hadde sett noe sånt før, men en ung mann og nabo visste hva det var. Ved interesse kan jeg sende bilder av den.
    Mvh Finn Ove Brekke.

    Likar

    1. Hei Finn Ove
      Dette høyrast veldig spennande ut. Det er veldig fint om du vil sende meg nokre bilete og litt informasjon om benken. Eg vil gjerne skrive om benken på bloggen. Vi har ei eige side for tips: https://skottbenk.com/tips-oss-om-skottbenkar/

      Dei opplysningane som er fint å ha med er mål på lengde og høgde. Nokre aktuelle mål på materialdimensjon kan det også vere fint å ha, men ikkje avgjeranda. Elles er det fint om det finnast informasjon om kor benken har vore brukt.

      Her finn du kontaktopplysningane mine:
      https://www.ntnu.no/ansatte/roald.renmalmo

      Med vennleg helsing Roald Renmælmo

      Likar

  3. Hei Anders. Det er bra at gruppene på Facebook deler slik viktig informasjon om Norsk Skottbenk Union. Det er mykje informasjon om skottbenkar her på bloggen. Om du går inn på bloggen frå mobiltelefon kan det vere litt begrensa kor lett det er å navigere. På vanleg dataskjerm kjem det vanlegvis opp nokre felt i øvre marg. Øvst av desse er oversikt over geografi og tema. Bloggpostane er organisert ved hjelp av taggar slik at ein lettare kan få oversikt over stoffet. Geografi er ein viktig del av denne organiseringa og der er alle bloggpostar ordna etter kommune, fylke og land. Her er til dømes lenke til alle bloggpostane med tema frå Hordaland:
    https://skottbenk.com/category/geografisk-plassering/noreg/hordaland/

    Her er postar om snikring av skottbenk: https://skottbenk.com/category/snikring-av-skottbenk/

    Lykke til med å lage eigen skottbenk. Når du er ferdig og har bilete av skottbenk og høvlar/høvling kan du sende inn for å søke om medlemsskap i unionen.
    https://skottbenk.com/category/opptak-i-norsk-skottbenk-union/

    Med vennleg helsing Roald Renmælmo

    Likar

Kommenter innlegget