Skottbenkar i Skaun i Sør-Trøndelag

I dag har eg vore ein runde for å sjå på hus og verktøy i områda sør for Trondheim. Eitt av stoppa var på det flotte anlegget til Skaun Bygdamuseum i Skaun kommune i Sør-Trøndelag. Her har dei samla ei rekke interessante bygningar frå området og samla gjenstandar. Eg spurte sjølvsagt etter om det var skottbenkar i samlinga der. Det viste seg at vår kontaktmann på museet hadde ein skottbenk heime hos seg og meinte det også var ein på museet. Etter eit lite søk spora vi opp ein komplett skottbenk, tre lause bukkar til skottbenk og to skottoksar. I tillegg var det ei rekke andre høvlar som verka å høyre saman med bruk på skottbenk. Det er kva vi kan kalle full klaff. 🙂 Det var også tydeleg at det var omgrepet skottbenk som var i bruk i dette området.

Dette er ein av tre like lause bukkar til skottbenk som er i samlinga på museet. Desse ser ut til å ha vore brukt med lause langbord. Foto: Roald Renmælmo
Dette er ein av tre like lause bukkar til skottbenk som er i samlinga på museet. Desse ser ut til å ha vore brukt med lause langbord. Foto: Roald Renmælmo

Lause bukkar til skottbenkar har vi funne ein god del av i Sør-Trøndelag og nokre av dei har vi skrive om tidlegare på bloggen. I tillegg har vi ein komplett skottbenk frå Leksvik som har liknande oppbygging som nokre av dei lause bukkane. Tradisjonen i Skaun er også tydeleg på at desse lause bukkane er delar av ein skottbenk og at det er berre langborda som manglar. Omvisaren vår på museet kunne fortelje at slike skottbenkar også vart brukt til å spenne fast stokken i når ein skulle hogge medfar i veggtømmer i samband med tømring av hus. Det er ei særs spennande opplysning og kan høve godt med den store bredda vi ser på denne skottbenken under. 🙂

Den komplette skottbenken har total lengd på 8 alen, har 30″ arbeidshøgd og har to bukkar som held oppe langborda. Han vert stramma med skruvar.

I samlinga med snikkarverktøy var det to særs fine skottoksar som eg fekk fotografert. Begge har lister som er avtagbare og som er festa i sida. Begge har bakre handtak montert ganske langt fram, så nær høvelstålet som mogleg. Dette er ein detalj som eg har prøvd ut med tanke på at det gjer det lettare å bruke høvelen når ein høvlar aleine. Då vert det lettare å få trykk på tanna så ho tar godt. Med nyslipt stål så tar høvelen godt, medan når stålet ikkje tar så godt lengre, må det trykk til på høvelen for at han skal ta. Då er det ein fordel om det bakre handtaket er montert lengre fram, nærare senter av høvelen.

Det er nok framleis mykje spennande som ventar på å bli oppdaga i Sør-Trøndelag. Her er det mykje å boltre seg i for medlemmane av Norsk Skottbenk Union.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

4 tankar på “Skottbenkar i Skaun i Sør-Trøndelag”

  1. Hei Roald, veldig spennende benker du har funni fram, og deler ut!
    Særlig den med komplette benken. Den er veldig lik den jeg har laget etterligning av, som er ifra Midtre Gauldal, Sør Trøndelag, og der (eller kanskje her) er den katalogisert som Rettbenk. Og geografisk er de ikke så mange mil imellom.

    Et spørsmål jeg har tenkt på, når en høvler paralelle bord som skal skjøtes, da trenger man akkurat lik bredde.
    Har du funnet høyde stopp på noen av benkene, som form av en treplugg eller ei hylle/avsats i bukken? En kan kanskje tenke seg at en trenger flere høydesatser for ulike variasjoner i borda, så en får parbord?

    Hva er dine tanker om det?

    God påske hilsen Magnus Wammen

    Likar

    1. Hei Magnus
      Takk for innspel. Eg tenkte spesielt på det med rettbenk eller skottbenk som nemning, og spurte dei eg møtte om kva dei kalla benkane. Skottbenk var det einaste eg fekk napp på i Skaun.

      Det med parallelle bord har eg tenkt litt på. Eg har også høvla litt slike bord til ulike formål. Spesielt når det gjeld listverk, og slikt som skal gjerast saman, er det ein fordel at det er lik bredde. Eg har ikkje funne noko spor som eg kan tolke inn i denne samanhengen på dei gamle skottbenkane.

      Når det gjeld skriftlege kjelder så har eg mistanke om at skottbenken det er snakk om at snekker Deramb «konstruerte» i samband med høvling av golvbord til slottet i Oslo kan ha vore tenkt til å sikre lik bredde på borda?
      https://skottbenk.wordpress.com/2013/12/13/meir-skottbenk-pa-hadeland/

      Leonardo da Vinci har teikna ein skottbenk med ei innretning som sikrar lik bredde i begge endar: https://skottbenk.wordpress.com/2013/10/20/den-forste-skottbenken/

      Også nokre amerikanske skottbenkpatent har med ei form for djubdestopp.
      https://skottbenk.wordpress.com/2013/12/10/amerikanske-patenter-pa-skottbenk/

      Ellev Steinsli har nokre skisser som viser korleis vi løyste dette problemet på eit seminar i listverkshøvling på Sverresborg i haust.
      https://hyvelbenk.wordpress.com/2014/12/18/hovling-av-dor-og-vindusomramming/

      Dette kan vere ei aktuell problemstilling og eg leitar stadig etter spor på dei gamle skottbenkane eg kjem over. Det er bra om vi blir fleire som leitar etter slikt.

      Sjølv har eg løyst problemet på denne måten: 1. Eg grovkantar borda med øks eller sag etter rettbord eller snor. 2. Eg høvlar flask. 3. Eg skyt første kanten på bordet. 4. Eg merkar på breiddemål (likt mål) i begge endar frå den ferdighøvla kanten. 5. Eg spenner bordet fast i skottbenken og har ein prøvekloss (ku) som har same høgde som meiane på skottoksen og stiller høgda på bordet i begge endar etter dette. Så høvlar eg.

      Med denne framgangsmåten brukar det å bli ganske nøyaktig. Det kan variere med 0,5 mm på grunn av målefeil (menneskelig svikt), men det brukar ikkje å bli noko problem i praksis.

      God påske til deg også.

      Likar

Kommenter innlegget